torsdag 5. november 2009

RSS

Eg valgte "Google Leser" (har fått norsk namn), for denne var mest beslekta med bloggen og epostadressa eg har på Gmail-kontoen.
Dette var ikkje på nokon måte så enkelt som eg hadde trudd, men eg gjorde det nok vanskelegare enn det var. Oppdaga etter ei stund at det fantes ein knapp med "leser" oppe på linja etter at eg hadde logga inn på gmail-kontoen min. Då var det jo rimeleg sjølvforklarande resten. La derfor inn abonnement på Glamourbibliotekaren (så absolutt bibliotekrelevant!), NRK Nyheter, NRK Møre og Romsdal og sjølvsagt Plinius sin blogg. Prøvde også å legge til Norsk bibliotekforening, for eg synes redaktøren av web-sida skriv svært interessant og aktuelt, men dette fekk eg ikkje til. Gjorde meg derfor nokre tankar om at det er kanskje ikkje alle websider som har aktivisert for RSS? I morgon skal eg logge meg inn for å lese nyheiter. For det er vel slik det må gjerast? Ser at eg også kan legge inn ei leseliste i lag med Favorittsenteret i både Explorer og Mozilla, og eg skjønar enn så lenge ikkje heilt forskjellen.....
Eg har jo litt erfaring med RSS-feeder på mobiltelefonen min som eg har nytta meg litt av, men det blir noko heilt anna og enklare...

eit forsøk på ei kanskje ikkje heilt vellukka beskjæring....

barn med utforskartrang


Barn med utforskartrangbør eigentleg ikkje kome borti pc-ar. Eg har ikkje fått gjort noko på vekesvis grunna øydelagt pc på grunn av overivrige små barnehender, men no er den altså i orden. Samstundes er eg sjokkert over kor fort ein gløymer ting ein ikkje har holdt på med på ei stund.
Men.... kanskje skal ein vere glad for at fantejenta på bildet har slik utforskartrang - det er slike det blir noko av!

torsdag 15. oktober 2009

Tidenes egotrip?

for oss som er opphengt i lister, utfyllingar, skjema, spørjeundersøingar, "Mine klassekamerater" fra 70-talet og elles alt som kan gjerast skriftleg i kombinasjon med å ha mykje på hjartet så..... Ja, så kan dette med blogging bli ei veldig artig leike!

første innlegg! Jippi!

første innlegget ever! ... med god hjelp av Katrine. Og med Aud på andre sida går det som ein leik.
Neida, heilt alvorleg: Dette er noko eg har hatt lyst til å lære meg lenge. Artig!