torsdag 5. november 2009

RSS

Eg valgte "Google Leser" (har fått norsk namn), for denne var mest beslekta med bloggen og epostadressa eg har på Gmail-kontoen.
Dette var ikkje på nokon måte så enkelt som eg hadde trudd, men eg gjorde det nok vanskelegare enn det var. Oppdaga etter ei stund at det fantes ein knapp med "leser" oppe på linja etter at eg hadde logga inn på gmail-kontoen min. Då var det jo rimeleg sjølvforklarande resten. La derfor inn abonnement på Glamourbibliotekaren (så absolutt bibliotekrelevant!), NRK Nyheter, NRK Møre og Romsdal og sjølvsagt Plinius sin blogg. Prøvde også å legge til Norsk bibliotekforening, for eg synes redaktøren av web-sida skriv svært interessant og aktuelt, men dette fekk eg ikkje til. Gjorde meg derfor nokre tankar om at det er kanskje ikkje alle websider som har aktivisert for RSS? I morgon skal eg logge meg inn for å lese nyheiter. For det er vel slik det må gjerast? Ser at eg også kan legge inn ei leseliste i lag med Favorittsenteret i både Explorer og Mozilla, og eg skjønar enn så lenge ikkje heilt forskjellen.....
Eg har jo litt erfaring med RSS-feeder på mobiltelefonen min som eg har nytta meg litt av, men det blir noko heilt anna og enklare...

3 kommentarer:

  1. Framgangsmåten er i grunn litt lite pedagogisk formulert i oppgaven, for har man en gmail-konto er jo alt såre enkelt...

    Forskjellen på å motta feedene i favorittsenteret i Explorer og Mozilla er jo at feedene abonneres til ei konkret maskin. Abonnerer du til Google Leser eller Bloglines kan du nå dem fra hvilken som helst maskin.

    Ting 3 er merka av i framdriftsskjemaet!

    Hilde :-)

    SvarSlett
  2. Glamourbibliotekaren var kjempebra! Takker for tipset!

    SvarSlett
  3. Trudde eg hadde kommentert på dette tidlegare, men det ser ikkje slik ut...

    Det stemmer at ein ikkje kan abonnere på alle slags sider - den må innehalde ein "rss-feed" for at det skal vere mogleg.

    Forskjellen på å abonnere til ein nettlesar og til ein nettbasert rsslesar er at ein i det første tilfellet er avhengig av tilgang til den bestemte maskina abonnementet ligg på. Ein rsslesar som Google Leser kan opnast frå alle maskiner.

    Ting 3 i boks!

    Hilde :-)

    SvarSlett